Tar vare på tradisjonar

Oselvarverkstaden skal ta vare på kunnskap om bygging, bruk og reparasjon av oselvarbåten. Bjørnafjorden kommune og Vestland fylkeskommune gjer tilskot til drifta, på denne måten kan dei tilsette på verkstaden bruke tida si på kunnskapsoverføring og tileigning.

I og med at tradisjonen har vore ubroten så lenge er heile den gamle kunnskapen intakt.

Oselvarverkstaden kom i drift i 1997. Då vart dei to siste båtbyggjarane som levde av å byggja oselvarar tilsette, saman med to yngre, fagutdanna trebåtbyggjarar som ikkje hadde bygd oselvarar før. Dei unge skulle læra oselvartradisjonen av dei gamle.

Mange lærlingar har tatt fagprøven sin der, tre av dei er i dag fast tilsette som båtbyggarar på Oselvarverkstaden. Båtbyggarane kan steg for steg følgja det «faglege slektstreet» sitt tilbake til Lars og Jørgen Tøsdal. Oselvarverkstaden tek såleis vare på ein 270 år gammal samanhengjande båtbyggjartradisjon i Os.

Verkstaden har ei utstilling i andre høgda. Grupper kan få omvising i utstillinga og verkstaden etter avtale. Les meir om besøk i verkstaden på denne sida.